Litlabø EMA
Litlabø EMA mottak ble etablert 1. mars 2022, og er et ordinært mottak for enslige mindreårige asylsøkere (EMA) i alderen 15-18 år. Mottaket drives på oppdrag fra Utlendingsdirektoratet (UDI), og er et sentralisert mottak beliggende på Litlabø i Stord kommune
Litlabø EMA drives av Hero Norge på oppdrag fra Utlendingsdirektoratet (UDI). Litlabø er eit mottak for enslige mindreårige mellom 15-18 år som har kome til Norge utan omsorgspersonar. Omsorgsansvaret er delegert fra UDI til Hero Norge. Ungdommane får i tillegg kvar sin representant som ivaretar deira juridiske rettighetar, og på mottaket får dei ein særkontakt som sørger for god omsorg i kvardagen.
Litlabø ligg landlig, men likevel sentrumsnært, til på Stord. Det er 10 minutt med buss til Leirvik sentrum, som på folkemunne blir kalla «Vikjo» og det går buss som stoppar rett utanfor mottaket. På «Vikjo» finn du kjøpesenter, svømmebasseng, treningssenter, matbutikk, apotek, restaurantar, skular, idrettsanlegg, kollektivtransport til andre plassar på øya og buss til Haugesund. Det går både buss og båt til Bergen frå sentrum.
Me er 17 ansatte. Ansattgruppa består av mottaksleder, barnefaglig ansvarlig, informasjonskonsulent, miljøterapeuter, miljøarbeidere, teknisk miljøarbeider og miljøarbeider natt. Me er ei multikulturell personalgruppe som snakkar norsk, svensk, russisk, fransk, engelsk, spansk, ukrainsk, arabisk, pashto, dari, og tigrinja. Det gjer at ungdommane langt på veg kan få uttrykke seg på sitt eige morsmål, i tillegg til at dei øver seg og lærer det norske språket.
På Litlabø arbeider me traume- og relasjonsbasert, og me som arbeider her skal være trygge og stødige vaksne for ungdommane i kvardagen. Alle ungdommane har ein egen særkontakt som følger dei opp i det daglige. Særkontakten blir ofte ungdommane sin næraste vaksne under oppholdet på mottaket, og skal hjelpe ungdommen i det daglige med råd og rettleiing, og gi den enkelte god omsorg. Miljøarbeider natt har egne miljøstasjonar som dei oppholder seg i på nattestid for å være nære og tilgjengelige for ungdommane.
Mottaket består av tre bygningar kor det bur ungdommar på to av dei, og den tredje består av lager og administasjon. Mottaket har 30 plasser for både jenter og gutar og alle har eige rom. Alle romma har eige bad, kjøleskap, seng, skrivepult, stol og garderobeskap. Nokre av romma har også eige hybelkjøkken, og jentene bur alltid på slike rom.
På kvart av bygga er det også felles tv-stover, to vaskerom, treningsrom, eit stort felles kjøkken, samtalerom, helsesjukepleiar sitt kontor og to miljøstasjonar. I fellesstova vår har me billjardbord og bordtennis, og me har blant anna brettspel, playstation, formingsaktivitetar og bøker tilgjengelig for dei som ynskjer det. Me har og syklar som ungdommane kan låne, og mange muligheter for uteaktivitetar på uteområdet vårt. På søndagar har me jentegruppe kor jentene samlar seg og gjer kreative aktivitetar, ser film eller et mat saman.
Me har og eit hus me kallar for posthuset, kor me har informasjonsmøter til ungdommane, jentegruppe, UDI har digitale asylintervju og me har personalmøter. I dette huset har me og eit rom me kallar «butikken», kor ungdommane kan få klede og sko heilt gratis – og me held på å lage vår egen frisørsalong!
Ungdommane får skuletilbod medan dei bur på Litlabø. Det er enten på ungdomsskulen eller på vidaregåande, og tilbodet er tilpassa den enkelte. Mottaket bistår med vekking og frukost før skulen, og på lørdagar lagar me fellesmåltid. Utover dette lagar ungdommane maten sjølv.
Ungdommane får tilbod om fritidsaktivitetar utifrå egne interesser og behov i regi av lokale organisasjonar og idrettslag. Me har eit flott uteområde med lavvo, fotballmål, volleyballmål og tilgang til badestrand. Mottaket ligg like ved Storavatnet, og her kan ein bade på sommaren.
Kontakt oss
Litlabø EMA
Mottaksleder: Glenn Kringlebotten
Epost: litlabo@heroeurope.com
Vakttelefon: 412 48 003 eller 53 45 40 25
Besøksadresse
Nysætervegen 187
5415 STORD
Postadresse
Litlabø EMA mottak
Postboks 5
5408 SAGVÅG
Vil du jobbe hos oss? Se vår karriereside